
Fjord1 med nye hurtigbåtar
Miljøsatsinga fører til generasjonsskifte på hurtigbåtsida.
Fjord1 døypte 27. januar den første av to nye hurtigbåtar som skal inn på langrutene frå Selje og Sogn til Bergen, med oppstart i februar 2010. MS Fjordprins er først ute, og vil vere den største sivile karbonfiberbåten som er levert internasjonalt. Båten er bygd ved Brødrene Aa i Hyen.
Dei nye hurtigbåtane representerer eit stort steg i miljøriktig retning, med drivstoffreduksjon på minst 30 prosent og ny motorteknologi, som gjer at NOx-utslepp blir redusert med nærare 50 prosent. I tillegg til dette vert partikkelutslepp og svovelutslepp vesentleg redusert.
- Gjennom å nytte karbonfiber sandwich som byggemateriale kan det byggast båtar med mindre vekt, og i tillegg til det siste og beste innan motorteknologi, vil hurtigbåten ha same fart med mindre yting. Dette vil igjen bety mindre drivstofforbruk og utslepp, seier administrerande direktør i Fjord1 Fylkesbaatane, Stig Kristoffersen.
- Dette gjer store utslag på langruta mellom Selje og Bergen, som er ei av dei vikti-gaste transportårene langs kysten, legg han til.
Reisande på langruta mellom Selje og Bergen, og på sommarrutene mellom Bergen og Sogn, kan forvente sikrare og meir komfortable båtar.
- MS Fjordprins tilfredstiller dei nyaste og strengaste krava til tryggleik. Fartøyet har DNV-klasse og er godkjent etter High Speed Code (HSC) 2000. Vidare er det lagt vekt på universell utforming og god tilrettelegging i høve enkel ombord- og i landstiging, seier dagleg leiar i Brødrene Aa, Tor Øyvin Aa.
- Dette er lagt stor vekt på høg reisekomfort m.a. med panoramavindauge og fin lyssetting. Fartøyet har og fullverdige fasilitetar for PC- og nettbrukarar, som inkluderar tilgang til trådlaust nettverk. For mindre grupper er det også lagt til rette for eit enkelt konferansetilbod som kan gjere reisa effektiv og nyttig, seier Kristoffersen.
MS Fjordprins skal no gjennom grundig testing, og vert sett i rutetrafikk i løpet av februar. Den andre nye hurtigbåten vert levert frå verftet i løpet i løpet av våren.
29. januar 2010
© SALT - Aare Forlag - All rights reserved - 2010